Jussen som problem

Av Ole Texmo, frilans skribent og kritikar

Er juss eit fag som står for metodisk prøving? Det kan stundom verke som om juristar tek lett på oppgåvene. Som om dei ikkje er skolerte og førebudde når dei tek avgjerder og svarar for sin stand.


Nye og gamle justismord

Dag og Tid prenta 25.03.11 ei omfattande melding frå sorenskrivar Stein Husby av boka ”Den fjerde opphengningen, beretningen om et varslet justismord” av Lars Gule. Husby var ikkje nådig mot Gules freisting over 600 boksider å underbyggje tesen om at avgjerda i ei konkret valdssak er eit justismord, når etterforsking, sakkunnigheit og rettshandsaming er vurdert i ljoset frå krav til vitskapsteori, etikk og profesjonsutdaning. 01.04.11 sabla advokat Eirik Vinje ned dei som framleis meiner ”Torgersen-saka” er eit justismord. Dei to juristane gjer i røynda ingen freistnad på å argumentera metodisk overtydande og etterretteleg, tiltross for spalteplass i rikt monn.

Juss og fakta

Fag og metode definerast i høve til kriterie for målbare storleiker, relevant og haldbar samanlikning, samt etterprøving. I saker kor prova ikkje er enkle å bestemme, korkje med omsyn til relevans eller haldbarheit, nyttar retten oftast sakkunnige. Desse skal bere kunnskap tileigna gjennom vitskapleg verksemd. Vitskapsfolk og dei som er utdanna vitskapleg veit at kunnskap om statistiske førekomster ikkje kan omsetjast utan vidare i ein rettsleg samanheng. Tilfellet må vurderast og prøvast konkret. Kor godt er ein jurist skolert i krava? Kor godt er ein domar i stand til å kvalifisere det einskilde tilfelle? Ser han etter dei faktatilhøva som kan passe til måten jussen skal praktiserast på, eller det som faktisk har skjedd?

Dømmekrafta

Juristar sine metodeføresetnader kan sporast i metodebøker om rettskjeldelære og i bøker om vitskapsteori og rettsfilosofi for juristar. Sjølv om desse faga smått byrjar kome inn på dei juridiske fakulteta og studiene, er det enno mykje som manglar. Omgrepet ”dømmekraft” er ikkje definert. Immanuel Kant skreiv ein eigen kritikk (les: undersøkjing) om desse spørsmåla. Her kan ein lese at dømekraft mellom anna handlar om tilhøvet mellom to rørsler: tilhøvet mellom det enkelte og det ålmene, og mellom det kjende og det ukjende. Juristar manglar vitskaplege omgrep for desse rørslene og for tilordning under lover og reglar, med følgjer for korleis prov vert kvalifisert som gyldige eller ikkje.

Feilkjelder

Når det enkelte tilfellet i ei konkret sak skal fastsetjast, kan det difor skje ut frå uvitskaplege fordomar og oppfatningar om t.d. kjøn og kultur. I ein slik horisont blir Fredrik Fasting Torgersen aldri anna enn ein ”hardbarka kriminell og valdtektsmann” for advokat Vinje. Den dømde asiaten i saka som Lars Gule har skrive bok om, må vere skuldig etter sorenskrivar Husby sin mangel på omgrep, både for Gules metodiske tilvisingar og for lesnaden av sjølve domen. For retten tek sjeldan feil. Dei dømde er dømde fleire gonger. Av fleirfaldige fagfolk. Difor må dei vere skuldige. Men kva om dei same feila skjer om att?

Fri vurdering av prov

Ein av dei største kjeldene til justismord er det som kallast ”fri bevisbedømmelse”. Dei som skal handsama prova i ein sak, medlemmar i ein jury eller meddomsrett, treng ikkje kvalifisere vurderinga av kvart enkelt prov, korkje kvar for seg eller i samanheng med andre prov. Retten treng ikkje syne korleis dei har tenkt, tilvising til uttrykket ”samla vurdering” er nok. Meir presis er ikkje den frie vurderinga av prov. Analyse av dei ulike prova og innbyrdes samanheng, testing av alternative hypotesar og andre metodiske tilnærmingar for å minske feil i argumentkjedene, er ikkje naudsynt. Kartleggjing av feilkilder kallast elles kvalitetessikring, framandord hos norske domarar og sakkunnige som nyttast for ulike oppdrag.

Rettvis rettergang

I den rettskraftige domen mot asiaten, jamfør boka til Gule, sluttar Borgarting lagmannsrett: ”De straffbare forholdene har dertil vært vanskelige å etterforske. Dette har dels sammenheng med at fornærmede i betydelig grad er preget av mishandlingen. Tiltaltes omfattende forklaringer om alternative skadeårsaker, om vitners motiver for angivelig å forklare usant om ham mv, har bidratt til å komplisere etterforskningen”. Korkje politi eller dømmande rett fann det naudsynt med testing av alternative forklaringer, komplisering av etterforskningen lastast tiltalte lest det som. Dette er brot på EMKs artikkel om rettvis rettergang.

Logikk og truverde

Vilkåret om fornærma sin tilstand er sviktande som premiss for at det ikkje fins alternative forklåringer: ”Fornærmede har ikke kunnet gi noen detaljert, samlet redegjørelse for volden hun har vært utsatt for eller hvordan og på hvilket tidspunkt de ulike skadene er oppstått. (…) Etter lagmannsrettens oppfatning er den noe begrensede sammenhengen i hennes fremstilling ikke tegn på at hun ikke har vært mishandlet, men utslag av en naturlig psykisk reaksjon på traumatiske opplevelser over tid”. Vitnepsykologisk forskning på traumatiserte frå ulike samanhenger tyder tvert imot på det motsatte: at ofre for ulykker, mishandling mv hugser usedvanleg godt og detaljert om tid og stad. Fornærma skulle ha vore hengt opp etter armar og bein tilsaman  4 gonger med tilhøyrande ”torturliknande mishandling”.

Vitskap eller ideologi

Med uttrykket ideologi oppfattar eg falskt medvet. I valdssaker bygger retten ikkje sjeldan på ideologiske føresetnader utvikla i tverrfaglege miljø kor instansar som krisesenter og valdsmottak får blande roller og kludre til prova. Feilkjeldenivåa får blande seg slik at det blir tilnærma umogleg å skilja ekte og uekte, sant og usant. Den fjerde opphenginga vart til slutt stroken frå faktagrunnlaget, ikkje av di retten ikkje trudde på historia, men av di historia ikkje kunne provast i høve til tvilsterskelkravet ”hinsidiges enhver rimelig fornuft”. Domen presiserar: ”Etter lagmannsrettens oppfatning skaper den manglende presisjon og konsistens i hennes forklaring på dette punkt ikke tvil om hennes alminnelige troverdighet når det gjelder forklaringen om mishandling fra tiltalte

Angrep og forsvar

Vitskapsfolk har fleirfaldige gonger gått gjennom dei sentrale prova i ”Torgersen-saka” kjend som ”avføringsprovet”, ”tannbittprovet” og ”barnålprovet”. ”Vitenskapen kan si hva den vil” var dåverande leiar i Attopptakingskomiten for justismord si stutte melding då Torgersen fekk nei sist gong. Stein Husby nyttar 25.03.11 (”Einøygd og usakleg”) om lag ei heil avisside til å repetera ein tvilsam dom og ditto premissar før han seier det vil sprenge rammene for bokmeldinga om han skulle gå i detaljar på Gule sine metodefeil. Eirik Vinje går 01.04.11 (”Torgersensaka – den norske rettsstatens adelsmerke”) ikkje inn på dei einkilde prova i Torgersen-saka, men spekulerar  i motiva til dei som frikjenne Torgersen. Er Husby og Vinje symptom på ein tilstand hos norske juristar? Dei forsvarer rettstaten med projiseringar i hytt og ver, men nektar samstundes lære seg metode og argumentasjon for å verne om adelskapen.

Kronikk på prent i vekeavisa Dag og Tid 8ande april 2011 (med einskilde språklege retttingar/omskrivingar) : 

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1994