Jussen og totaliteten


Av Ole Texmo


Ein skal ikkje pirka mykje borti jussen og juristane før piggane deira vendar ut. Professor Jens Øyrehagen Sunde (27.05.11) verkar fornærma over at nokon kan meine at jussen ikkje alltid heng på greip. Eg har i kronikk 08.04.11 og i innlegg 20.05.11 freista konkretisera korleis jussen sviktar. Mellom anna at omgrep som ”samla vurdering” ikkje gjev meining om ikkje samstundes alle moment og bevisgjenstandar i ei sak, vert underkasta konkret vurdering, kvar for seg og i tilhøve til andre. Skal ein leggja Sunde si framstelling til grunn, er det framleis ikkje mogleg å vita kva jussen og retten byggjer sine forståingar på.

Han hevdar kritikarar som meg ikkje ser ”jussen som totalitet”. Har Sunde kunnskap om skilnad mellom analytisk og syntetisk? Med relevans for korleis totaliteten kan avgrensast og definerast i høve til dei einkilde delane som utgjer heilskapen. Sunde kan ta namedropparlista si og komme attende med døme på konkrete bidrag. Kva med å syne korleis den praktiske fornufta frå Aristoteles (phronesis) til Kant (dømekraft) eventuelt har gjeve juristane betre forståing for korleis dei kan tilordna sine prinsipp?

Er vald og sedeligheitssaker gode døme på at fri bevisvurdering er vitug juss? Sunde held fram med å meine det, men ser ikkje ut til å kunne skilje mellom rettsvern og rettstryggleik. Er denne forvirringa symptomatisk for ”det kommunikative juridiske fellesskapet” når juristar ikkje evner å grunngje kvifor bevisbyrda må snuast på hovudet slik justisminister Knut Storberget går inn for i denne type saker? Professor Sunde kan svare på kva som er systempremiss og kva som er juss. Om det er nokon skilnad.

I serien ”Bruk og misbruk av domstolen” (http://www.sfm.no/Domstolen/02.02.2009.Serie-indeks-Bruk_og_misbruk_av_domstolene.htm ) (Samfunnsmagasinet, 2009) har eg undersøkt korleis delar av lov og rett er innretta. Om eg ikkje har klart å fanga inn heile ”totaliteten”, har eg likevel freista syne korleis både retten sine eigne profesjonelle aktørar og partane på ulike saksområde kan nytta retten for tvilsame føremål. Eg har synt korleis retten og jussen er uklår med omsyn til kva slag regler og praksisar som verkar vegleiande, eller og demoraliserande. For både partane og dei som lever av lov og rett.

Av di jussen utan tvil er ein av dei viktigaste premissgjevarane i samfunnet, må den og tole kritikk. Juristane må syne i praksis kva gjennomsiktigheit tyder, og ikkje berre krevja at lekfolk ”forstår jussen på eigne systempremiss”. Korleis har Sunde forresten tenkt skriva korleis Høgsterett siler anker? Utan at korkje omsyn til systempremiss eller jussen vert grunngjeve ut over sjølvrefererande inkonsistente setningar som ”kan ikkje sjå at anken kan føre fram” og ”utan nokon annan grunngjeving enn tilvising til denne paragrafen her”. Er slike uttrykksvis meiningsberande for juristar og vegleiande for ”gjeldande rett”? Skal juristane fortene truverde må dei byrje ta inn over seg visse forklåringsproblem.


(Dag og Tid 10.05.11)