Jussen og meiningsløysa
Av Ole Texmo
Professor Jens Øyrehagen Sunde kjem 06.05.11 i Dag og Tid i
ein utvida kronikk med breie utgreiingar om følgjene av rettsleggjering og
meksemda jussen får når domstolane får meir makt. Men rettsleggjeringa
forklarar ikkje alt, korkje merksemda eller justisfeila. Påpekinga av ”maktmisbruksavsløringsmisbruket” frå
Sunde er ei mistyding av kva for premiss kritikken mot jussen grunnar seg på.
Sunde framstillar juridisk metode som ein høgt utvikla teknisk disiplin som kan
samanliknast med medisin. Eg veit ikkje kor glad til dømes medisinprofessor Per
Brantzæg er for denne tilsnikinga av fag og metode. Brantzæg samla hundrevis av
akademikarar til protest mot handsaminga av Torgersen-saka, ei sak kor alle
prova er sterkt svekka og kvar for seg burde leie til frifinning, men kor altså
ei ”samla vurdering” framleis dømer
Torgersen.
Slik forståing meiner professor Sunde at lekfolk manglar
føresetnader for å skjøne. På eit ikkje friviljugt strukturironisk plan har
Sunde kan hende rett. Spørsmålet som då må stillast er korleis Sunde og
juristane skjøner kvifor fri bevisvurdering er rett og riktig. Sunde visar til
overgreps- og valdtektssaker som døme på korleis fri bevisvurdering gjer det
mogleg å etterforske og å døme utan krav til handfaste bevis. Om det er noko
område som har skapt justismord i den moderne rettsstaten Norge, er det nett
desse sakstypane. At terskelen må senkast for å sette i gang etterforsking og
reise sak utan bevis, som argument for rettferdiggjering av fri bevisvurdering,
er ikkje lett å skjøna for ikkje-juristar.
Kva for omgrep har juristane om metode og ”meining”? Filosofisk
kan omgrepet meining tydast som ”språket
sitt tilhøve til røynda og medvetet”. Om juridiske vis å uttrykke seg på
ikkje gjev meining for lekfolk, kan det tenkast at det er omgrepa det er noko
gale med. Om ikkje juristane maktar å greie ut kvifor ”samla vurdering”, og ”gjeldande
rett” er avanserte uttrykk for juridisk presisjon, men i staden verkar som
tilsløring av sviktande metode hos lovfolket, skal lekfolket gå fri. Avdøyde rettsfilosof
David Roland Doublet skreiv for nokre år sidan ei avhandling om problema knytta
til førståinga av den Niklas Luhmannske systemteori grunna på førestillinga av
”det juridiske kommunikative fellesskapet”
som meiningsberande.
Kantianaren Doublet ville snudd seg i grava om han hadde
sett kor lett professor Sunde tek på forståinga. Kan hende er det på tide at
juristane tek ei kopernikansk vending mot sine eigne måtar å velte mistydingar
over på lekfolket. I andre fag enn jussen held ein jamstøtt fram med å
diskutera ”sjøvreferanseproblematikken”,
nett for å unngå sirkelslutningar. Sundes kronikk er spekka med
sjølvforsikringar. Med bunden bevisvurdering som innarbeid krav til
intellektuell praksis, kunne argumenta vorte tydeligare. Eller forkasta av
Sunde sjølv. I avsnitta om bevisvurdering syner Sunde kvifor ”den juridiske bevislæra” ikkje gjev
meining. Når den ikkje vert underlagt bunden prøving.
(Innlegg på prent i vekeavisa Dag og Tid 20.05.11)