lit anm Klassekampen
Ole Texmo:
Ragnar Hovland: Eline og Julie tar ferja
Roman, Samlaget, 1994,
151 sider
Overskrift: Velstandsrusalisme, eller noko heilt anna.
"Å skrive roman, sa Julie, var slik sett både ei nyttig og ei deprimerande erfaring. Det var nyttig å finne ut kva eg tenkjer, ved å sjå det på papiret, og deprimerande å sjå at det eg tenkjer stort sett er berre tull."
Eline, barndomsvenninna, har nett mista kjærasten sin, politimannen Ivar som vart skoten, og saman freistar Eline og Julie å finne ut korleis saker og ting heng saman, eller ikkje gjer det! Skulevenen Herman driv praksis som privatdetektiv, og har lik Kafka vore forlova fleire gonger. Berre ein gong heldt det på å bli noko meir, men ...
"Ho var ikkje den rette. Eller det var eg som ikkje var den rette, vanskeleg å seie no så lenge etterpå. Men detektivar skal ikkje ha familie. Det er ei av dei uskrivne lovene."
Om ikkje hans lysande intellekt og tilvisningar til postmoderne tenkjarar som Baudrillard og Lyotard hjelper stort til forståinga, har han privatdetektiven sin evne til, når tålmodet hos oppdragsgjevarane er brukt opp, å fiske opp konvolutter som inneheld bilete med kjende og ukjende motiv. Men kva prover dei?
Kven skaut Ivar, og kvifor vart han drepen? Før Eline og Julie kjem så langt som til å ta ferja, er dei om ikkje heilt samde, så i hovudsak overtydde om at berre endinga er god, er det kan hende ikkje så viktig å finne noka løysing. Men før dei to venninnene kjem så langt som til å tenkje på å ta ferja, er det andre tankar og minner som rår, driven av ein tørst djupare enn Hornindalsvatnet. Det byrjar smålåtent med urtete og pærebrus, men det gjer liksom ikkje heilt susen. Venninnene finn snøgt ut at sterkare saker er betre; det går mykje i sider og eplevin, øl sjølsagd, australsk hvitvin og ein romgrogg for varmen. Nokre flasker irsk whisky og raudvin av merket Chateau Jarry 1987 gjer tilveret meir leveleg andsynes utsiktene til møtet med mordaren, som truleg skjuler seg bak eit anagram, men kva for eit?
Medan Eline og Julie ventar med å byrje å tenkje på å ta ferja, skriv dei på kvar sitt manus, driv research og vedlikeheld fortida. Især Eline søkjer attende til tida då foreldrene hennar enno levde; minner, draumar og illusjonar straumer på, og blandar seg på sitt særeigne vis hos eit menneske som oppdager at ho saknar noko ho ikkje heilt veit kva er. Ho minnest brokkar av samtaler frå tidlegare reiser, t.d. "mannen med dei grusomme leppene" som hevda at:
"... det Tilfeldige bestemmer korleis ting blir, men at vi ved å la vere å angre eller sørge over det som kunne ha vore, opphever det Tilfeldige."
Før ho rekk å avslutte erindringa, vert ho avbroten av Julie som har "denne ubendige trongen til å oppføre seg puerilt", og som kjenner seg mykje sprekare etter at ho slutta å røyke Marlborough Light, og byrja med gauloises:
"Det er eigentleg synd at ting alltid skal samanliknast med andre ting og minne om noko anna, så dei ikkje får tid til å vere seg sjølve."
Eigentleg er båe to altfor tørste til å vikle seg inn i eksistensielle diskusjonar før dei har fått noko å drikke. Hos Anna får dei sider, og Eline finn att leikene sine på loftet.
"Eline og Julie tar ferja" er titelen på Fjordhotell Hovland 1994. Boka er full av morosame historier, sette saman til ei forteljing kor ein aldri kan vere, slik Herman uttrykker sine atterhald om substansen i si eiga undersøking, "sikker på kva for ein av dei tilsynelatande uvesentlige detaljane som kan ha uvurderleg betydning".
Om ikkje Herman er like stø i postmoderne tenkjarar, har han utan tvil greie på andre saker:
"Dette er ein vin, sa han, som nok kan verke litt kynisk til å begynne med, men som absolutt har sin sjarm berre du kjem innpå han. Du merkar at han blunkar litt frivolt til deg, og at han nok er ein vin som kan kome til å snakke om deg bak ryggen din, men skinnet bedrar, hugs det. (...) ..ein vin som rett og slett er litt leiken, og som kanskje ikkje heilt veit skiljet mellom leik og alvor. Ein tvers gjennom ærleg vin."