Barske teikn  

Av Ole Texmo

Domen i terrorsaka fell 24. august 2012. Slutninga vert lesen opp fyrst, deretter heile domen med premissar. Seansen er rekna ut å vare om lag seks timar. Mange som har fylgt med under kringkastinga av saka dei ti vekene det tok å leggje grunnlaget for premissane, er nok spende på slutninga. Dei fleste trur kan hende, av grunnar som ikkje alltid kjem like godt fram, at av di dei to sakkunnige som fyrst vart oppnevnt og kom med rapport, psykiatarane Synne Sørheim og Torgeir Husby, vert so klårt og tydeleg avkledde i media og i retten, at spørsmålet om tilreknelegheit difor peikar i retning straffedom og ikkje tvungen behandling slik aktoratet la ned påstand om i Oslo tingrett. So feil kan det syne seg at ein tek.

Dag og Tid sin terrorsakkommentator Per Egil Hegge tek 15. juni 2012 («Nådelaust mot psykiatrien») høveleg atterhald, «men mange barske teikn tyder på at det skal mykje til før den eine av dei to domarane, Arne Lyng, går med på at attentatmannen ikkje er tilrekneleg». Eg veit ikkje kor mykje Per Egil Hegge kjenner til Arne Lyng si verksemd som jurist, som tidlegare advokat og no som domar i Oslo tingrett. Denne juristen har i fleire saker og som domar gjeve støtte til partar som påberopar seg konflikt etter å ha skapt konflikten sjølve, typisk i barnelovsaker der mora ikkje vil at faren skal ha kontakt med borna, kor mora ikkje uvanleg hevdar faren har mishandla både mora og ungane. Faren kan vere frikjend for dei same forholda i straffesakslenkja, men av di det har vorte ein konflikt faren vel kan vere uskuldig i, kan faren av omsyn til konflikten likevel ikkje få vere saman med borna sine.

Dag og Tid sine skarpe lesarar har sikkert tatt poenget allereie. Har einkvan skapt eit problem, er det eigenverdet til problemet som vert omdreiningspunkt, ikkje nøkternt vurderte og regressivt attendeleiande omstende. På same vis i terrorsaka: Er tvilen om tilreknelegheit skapt, er det nett denne tvilen som rår, ikkje om det er sakleg grunnlag for å trekkje tiltalte sin tilreknelegheit i tvil. Domar Arne Lyng er på trygg juridisk grunn når han let den lite samarbeidsviljuge parten vinne fram med sin strategi. Ein nestor i forståinga av konflikt mellom foreldrepartar, professor Inge Lorange Backer, skriv i sin tjukke bibel («Barneloven, 2. utgåve, 2008) heilt klårt og eksplisitt at når mor ikkje vil at far skal ha til dømes felles foreldreansvar, må omsynet takast til mora sin uvilje.

Dette viset å påberope seg rettledande forståing kallast på juristspråket for «gjeldande rett». Forståinga treng korkje vere logisk eller vettug, men har leiande teoretikarar og høgste rettsinstans gjensidig stadfest kvarandres forståingar, same kor galne og sjølvrefererande inkonsistente dei kan vise seg å vere, trur juristane og dei som trur juristane veit best, at saka er klår. Gjeldande rett er den rett som gjeld. Tvilen i terrorsaka kan vere skapt, etablert og vedlikehalden på tvilsamt grunnlag, men er han fyrst skipa til, er han tilnærma umogleg å bli kvitt. Domarar er systemtrufaste mot den jussen og forståing dei har tileigna seg for å bli godtekne som domarar. Hegge og andre som av fornuftsgrunnar og eigne observasjonar av til dømes domar Arne Lyng sine tilsynelatanda kvasse spørsmål, kjenner seg overtydde om vegen og målet, kan få seg ei overrasking når premissane for domen 24. august kjem for ein dag. Hittil har psykiatrien fått mykje tyn. Vil det same skje med jussen når den vert openberra?


(debattinnlegg på prent i vekeavisa Dag og Tid fredag 17. august 2012 - med nokre språklege endringar av mindre tydnad)