Mor er best for barna?

Ole-Jacob Abraham, Forum for Menn og Omsorg

 

Årsaka til dette er at barnelova ikkje gjev rettsapparatet høve til å idømma delt omsorg i barnefordelingssaker, men er nøydt til å velja ein av to foreldre som "betre" enn den andre etter samlivsbrot, dersom foreldra er usamde i kor barna skal bu. Resultatet er at far og mor i barnefordelingssaker er tvinga til å kasta mest mogeleg "skit" på kvarandre gjennom prosesskriv og rettsforhandlingar, for å overtyda dommar og såkalla sakkyndige om at motparten er ein dårlegare omsorgsperson enn ein sjølv.

Sjølv om vi likar å tru at likestillinga er kommen langt i Noreg, er det framleis slik at kvinner på eit generelt grunnlag blir rekna for å vera betre omsorgspersonar eller på anna vis oftast er "nærare knytt til barna". Det er derfor nærast umogeleg å vinna fram for ein far som går rettens veg for å få dagleg omsorg. Dersom ein ikkje går med på rettsforlik som gir mor dagleg omsorg, kan ein lett bli oppfatta som ein vondskapsfull mann som ønskjer å råka tidlegare kone/sambuar på den måten det gjer mest vondt - nemleg å "ta ifrå henne barna". At far kan vera like glad i barnet som mor, er nærast for ein vits å rekna for juristane i rettsapparatet, som har funne opp omgrepet "morspresumpsjon". Morspresumpsjonen i norsk rettspleie tilseier at barn naturleg er meir knytt til mor, enn til far. Men morspresumpsjonen er aldri bevist gjennom forsking, og er til dags dato ein udokumentert påstand - for ikkje å seia ein mannsdiskriminerande hersketeknikk som blir brukt for å vedlikehalda gamle kjønnsrollemønster, der mor har all makt og rett overfor barna. Barns rett til far og fars rett til barn er det visst ikkje så nøye med i likestillingslandet Noreg,

At mor sit igjen med dagleg omsorg (og alle trygdepengane for ungane), mens far berre er bidragsbetalande "samværsforelder", blir rekna som normalt, og er oftast utfallet etter samlivsbrot.

Kvotering av menn som åleineforeldre?

Det er nærast tverrpolitisk semje om at kvinner skal tvangskvoterast inn i styreromma i private bedrifter - berre FrP imot. Til gjengjeld er FrP - så vidt FMO veit - det einaste partiet som meiner at delt omsorg etter samlivsbrot er i tråd med likestillingslova og derfor bør vera norm. Forstå det den som kan, men ingen av likestillingspartia SV eller Ap vil ha reell likestilling i form av delt omsorg som norm etter samlivsbrot. Dei vil behalda dagens ordning, der berre ein av foreldra kan ha dagleg omsorg - ei ordning som opprettheld eit gammalt kjønnsrollemønster.

Kvifor er det ingen politikar eller feministar som meiner det er aktuelt å tvangskvotera menn som aleineforeldre ved å gi dagleg omsorg til far, "dersom partane elles stiller likt" med omsyn til omsorgsevne og har same ønskje om å ha barna fastbuande hos seg?