LESERBREV I ANLEDNING ARTIKKELEN

"HISTORIEN OM ET JUSTISMORD"

Av Audun Bjørneset

 

 

 

Audun Bjørneset er faren til tidligere prest i Volda kommune Ola Kåre Bjørneset. Artikkelen er opprinnelig skrevet for NKMR, og er gjengitt i Forum for Menn og Omsorg med forfatterens tillatelse.

Bjørneset døde 90 år gammel på sykehuset i Volda i januar 2004. Han ble innlagt på grunn av en hjerneblødning, men døde kort tid etter at sykehuset unnlot å gi ham nødvendig behandling.

Les mer om dette i Samfunnsmagasinet

 

 

 

 

Bjørneset 04.08.03


Eg er faren til den utuktsdømde presten på Sunnmøre. Eg nermar meg 90, men dei som kjenner meg veit at eg er klar i hovudet, så klar at eg følger med og veit kva som er rett og gale.

Når spetakkelet byrja hausten 98, reagerte eg først med sjokk og vantru. Seinare tenkte eg at om det var sant, så måtte son min ta straffa si. Dette sa eg også til han. Men etterkvart, spesielt etter å ha diskutert saka med det eldste barnebarnet mitt, såg eg at det må vere noko feil her. Både eg og han har lese gjennom historien som står på internett og vi kan vitne om at den stemmer. Det kan eg avlegge eid på. Eg vil også utfordre kva journalist som helst å kome og interjuve meg. Då skal dei bli viste rundt i huset, så dei sjølve kan sjå at det er rett det som står der.

Eg ser at Elisabeth har sendt lesarbrev både til Møre og Sunnmørsposten. Eg trur ho har fått god hjelp. Barnevernet sa ofte at barnebarna ikkje ville treffe meg, men eg kan vise døme på brev og teikningar "smugla" ut til meg etter at dei var tatt i "varetekt". Elisabeth sa til bror sin at ho følte oppholdet i fosterheimen som "å vere i ein konsentrasjonsleir". Vi som opplevde krigen veit at konsentrasjonsleirfangar gjorde kva som helst for å overleve. Eg lurar på kvifor ho ikkje ville la seg interjuve? Kanskje hjelparane ser at dei gjorde ei tabbe der og vil sørge for at vi snart får eit interjuv med henne? Ho har trass alt vore "på besøk" i fosterheimen sin ei god stund nå. Forresten på Folkestad skule lærer dei nynorsk, tru kven som har "hjelpt" henne til å skrive lesarinnlegget på bokmål?

Audun Bjørneset

Eg vurderer å be son min sende dette til internett.