Fittstim i revers (med familiemeklaren som jockey)
Av Aldus
Likestilling og likeverd for menn og kvinner er politiske honnørord i Noreg,
og heldigvis har vi kome nokså langt med å gje desse orda reelt innhald. Men
enno er det langt att.
Frå barnehage til vidaregåande skule lærer kvinnelege pedagogar våre unge gutar
og jenter å utfordre og krysse dei tradisjonelle kjønsrollemønstra. I utlysingstekstar
og departementale rundskriv får kvinner drahjelp til å erobre nye arenaer i
yrkeslivet. Menn vert, bl.a. gjennom ulike permisjonsordningar, oppmuntra til
å ta større ansvar for born og heim. Det vert planta sterke forventningar om
at i det norske hus er det slutt på at gamle fordommar basert på kjønn i utgangspunktet
skal kunne verke ekskluderande.
Kvinner har vist at dei vil og kan. I dag er det f. eks i Barne- og familiedepartementet
om lag 80 prosent kvinner. Men ein stad går fittstimen i revers, nemleg på familiemeklingskontoret.
Femti prosent av alle ekteskap vert no oppløyste, og i om lag 90 prosent av
tilfella er det kvinner som sit att med dagleg omsorg for borna. Ikkje fordi
alle menn vil ha det slik, men fordi kvinner oftast krev det, lovverket framelskar
det og meklar- og dommarstanden har ikkje fantasi og mot til å gjere noko med
det.
--------------
Flashback: møte med familiemeklaren
Du høyrer ikkje hyl av stål mot stål eller knirk og støn frå grovbygde kuvogner.
Ingen står errekt (ved perrongen) og ropar «Kinder und Frauen Links, Männer
Rechts». Tvert imot ser du ein tilsynelatande godlynt mann med skjegg og briller
som liksom seier «Hei! Vi skal få det fint i lag.»
Nokre veker etter, i ei krystallklar natt, innser du at den godslege mannen
du trudde vel om, i sitt avgasslunkne meklarkontor har frårøva deg retten til
å vere fullverdig far og forelder for eigne barn. Ved fødselsbyrd er du i følgje
vår tids gjeldande kjønnsteoretikarar sekunda vare.
I glimt hugsar du kafkaske sesjonar der den blide mannen med skjegg og briller
aldri sette den førande Trua i tvil. Alt gjekk som på Autobahn - rett fram.
Tvil gjer svak.
Når løna frå fylkesmannen var sikra, streka han (som den lydige tenestemann
han er) den endelege løysinga opp i form av ruter og liner for dagar og helgar.
Ruter og liner - ein iskald abstraksjon - i realiteten piggtråd og festningsvollar
mellom taparar og vinnar. Du var «innvilga» vanleg samversordning.
Det du trudde var ein godlynt mann av typen: «Vi menn må tilbake til kjøkenbenken,
ikkje sant?», var det likevel ikkje. I hemmeleg forbund med ein geriatrisk dommarstand
og opportunistisk «vilje-til-makt» feminisme, har han avslørt seg som ein eindimensjonal
kjønnsnazist, ein naiv medløpar, ein nyttig idiot - ein av mannsutvalets mange
raudrosa femtekolonistar.
--------------
I Noreg fell dei med samversrett, i all hovudsak menn, utanfor alle velferds-
og støtteordningar det å ha born medfører sjølv om den tidlegare partnaren er
ressurssterk, velutdanna og har høg inntekt. I tillegg til dei ubetalelege verdiane
dagleg kontakt med borna representerer, sikrar eit urettferdig lovverk og tanketome
familiemeklarar at dei med dagleg omsorg får ein opphøgd og suveren juridisk
status (kan t. d. flytte dit ein vil med borna) og alle sosiale og økonomiske
støtteordningar (overgangsstønad, barnetrygd, støtte til barnepass, bidrag osv).
I Husbanken og i listene på trygde- og sosialkontora figurerer menn med “samversrett”
som einslege. Dei “har ikkje” born. For seint oppdagar dei at dei på mange viktige
område har blitt marginalisert i høve til sitt eige kjøt og blod - dei har blitt
“niggerar” i eit feministisk Missisippi. Dette lar det såkalla velferdssamfunnet
skje sjølv om ein innanfor samversretten kan ha borna opptil 40 prosent av tida,
betaler fullt barnebidrag og oppfører seg eksemplarisk som omsorgsperson.
I stor stil bli ansvarsfulle og oppegåande menn av Staten, ressurssterke kvinner
og røyndomsfjerne politikarar reduserte til latterlege og marginale figurar
med kjellarleilighet, eitt soverom og videospelar med små sjansar til å byggje
ein fullverdig heim og eit rammeverk for omsorg for seg og borna. For alle andre
enn meklarstanden og politikarane vert den såkalla Matteus-effekten openberr:
Den som har, skal få - den som har lite skal misse alt. Levekårsundersøkjingar
syner at desse mennene har opptil 6 gonger så høg risiko for å døy i ung alder,
og ofte har økonomi på linje med minstepensjonistar.
Så kan ein saktens undre seg: Er det ved samlivsbrot kvinnene sine eigentlege
preferansar kjem til syne? Er det innerst inne rolla som Mor og ei førestillinga
om kvinna som “supreme” forelder (morspresumpsjonen) som likevel er viktigast
for våre unge kvinner? Skjer det ved samlivsbrot ein fundamental regresjon i
høve synet på seg sjølv (kjøkenbenken er det eigentlege målet), likestilling
og mannen si rolle og moglegheiter?
Eller er det så enkelt at “leilighet gjør tyv”: Dei økonomiske, juridiske og
sosiale føremunene ved retten til dagleg omsorg er så store og lovverket rundt
så latterleg godt tilrettelagt for kvinner at prisen for å vise seg som ein
reell forkjempar for likestilling og likeverd (denne gongen til fordel for mannen)
blir for høg?