8. mars - ein aprilspøk?

Ole-Jacob Abraham, Forum for Menn og Omsorg

(Artikkelen stod på trykk i Os og Fusaposten 2. april 2005)

I følgje radikale feministar er tilstanden for kvinner i Noreg skremmande - ei av fire er visstnok utsett for "familievald" av slemme, norske menn - og dette skal berre vera toppen av eit isfjell fordi det er store "mørketal". For ikkje lenge sidan såg eg dei same påstandande gjentekne i bladet "Kvinner og klær". Også Barne- og familiedepartementet og Justisdepartementet reknar dette å vera ei sanning. Journalistar og andre samfunnskritisk innstilte folk kan derfor utan blygsel hengja seg på og nytta desse tala og påstandane som om det var fakta.

Men er det nokon som veit kor desse påstandane eigentleg kjem frå?

Voldstatistikken - ein feministbløff

Forum for Menn og Omsorg (FMO) har i årevis forsøkt å få ut informasjon frå statlege institusjonar om kor denne såkalla "voldsstatistikken" kjem frå, og vi får det same svaret av forskarar og departement: krisesentra. Det kjem frå tal utarbeidd av krisesenterbevegelsen, som etter eigen definisjon er ein feministisk organisasjon. Leiaren i Krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl, hevda for nokre år sidan at 9000 kvinner blir valdtekne kvart år, og 100.000 kvinner mishandla kvar dag i Noreg. Ho har til dags dato ikkje sagt kva slags grunnlag ho har for å komma med slike påstandar, men viser flittig til "vår statistikk" og at "mørketala er store".

Men dei tala Krisesentra legg på bordet er ikkje verdt papiret dei er skrivne på: Ingen vitskapelege metodar er brukt ved innhenting av informasjon om vald, og det mest elementære prinsipp for einkvar seriøs forskar er ignorert frå første stund ved innhenting av informasjon, i og med at berre den eine parten (kvinna) blir spurt om kva som har skjedd. Komparativ informasjon frå menn, om desse til dømes meiner seg utsett for falske skuldingar, eksisterer ikkje i desse feministane si verd.

Krisesentra - mannshatande panserfeministar?

FMO har grundig dokumentert at dagarbeidarar ved krisesentra i landet på førespurnad frå kvinner er villige til å skriva svært krenkjande og udokumenterte "bekreftelser" om menn dei aldri har sett eller snakka med. (Meir om dette på www.krisesenter.org, FMO si nettside.) Dei er også villige til å stadfesta menns valdelege sinnelag på generelt grunnlag i rettsalen, som om dei var noko slags fagleg autoritet på dette.

Dette skjer oftast i samband med samlivsbrot, og samtidig med at felles barn blir isolert frå far fordi mor hindrar far kontakt med barna ved å be politiet om besøksforbod eller flytta på krisesenter. Ofte er dette ledd i ein kampanje for å sverta far og etablera ein status quo der barna faktisk bur med mor - med det føremål å vinna dagleg omsorg for barna i barnefordelingssak.

Feministar som arbeider på krisesentra er meir enn villige til å hjelpa desse kvinnene å krenkja FNs menneskerettskonvensjon og barnekonvensjon, som fastslår eit barns rett til kontakt med begge biologiske foreldre, og foreldras rett til kontakt med eigne barn.
Dette har blitt ein så vanleg praksis, at ein må stilla spørsmål om krisesentra har noko system for å skilja reelle skuldingar om vald frå falske. FMO har fått stadfesta at krisesentra ikkje har det, men som prinsipp reknar einkvar påstand fremma av kvinner på krisesenter som umodifisert og total sanning.

Det er vanskeleg å ikkje oppfatta dagarbeidarane ved krisesentra som mannshatande panserfeministar, når dei inntekt slike haldningar.

"Likestillingsarbeidet" krenkjer norske menns menneskerettar

1. april leverte FMO ei høyringsfråsegn om Norsk offentlig utredning (NOU) 2004: 20 - Ny utlendingslov. Her drøftar eit Utval nedsett av Kommunal- og regionaldepartementet om UDI skal få lov til å føra dataregister over påstått valdelege menn. Utvalet ønskjer at påstandar om familievald og andre overgrep framsett av kvinner mot ektemenn eller sambuarar gjennom politianmeldelsar og krisesenter, skal kunna nyttast som bevis på at det føreligg straffbare forhold. Påstandane er også tenkt nytta som grunnlag for å føra menn opp i dataregisteret og åtvara utanlandske kvinner mot desse, dersom dei vil inngå ekteskap med ein slik mann.

Mao. har feministstaten Noreg endeleg komme så langt at det på departementsnivå blir diskutert korleis ein kan gjera det til offisiell politikk å rekna udokumenterte påstandar om vald framsett av kvinner som bevis, utan at menn skal få høve til å utala seg eller på anna vis forsvara seg gjennom rettsapparatet osv. Eller sagt med reine ord: Staten skal som norm rekna skuldingar om overgrep framsett av kvinner mot menn for å vera sanne, og alle menn som potensielle overgriparar.

Det har gått feministane i departementa hus forbi at dette faktisk vil vera eit brot på internasjonalt aksepterte rettslege normer, om at ein er uskyldig inntil det motsette er bevist i ei rettssak.

Eit nytt feministisk, rettsleg prinsipp vil bli innført i likestillingslandet Noreg: Kvinner snakkar per definisjon sant. Då er vi i sanning nærare ved eit matriarkalsk samfunn, enn eit likestilt samfunn…

Sett med auga til ein likestillingsinnstilt, moderne, norsk mann, synest kampsakene 8. mars å vera ein god aprilspøk…